Det var som vanleg litterær høgtid då Peter Englund i Svenska Akademien kom ut døra og forkynte vinnaren av Nobelprisen i litteratur i går. Eg høyrte ikkje om det blei ropt «äntlegen», men for kjennarar av fransk skjønnlitteratur kan det ikkje ha vore ei overraskande tildeling. Patrick Modiano er ein av Frankrikes fremste forfattarar, knytt til prestisjeforlaget Gallimard sidan debuten La place de l'etoile i 1968. Allereie med debuten skapte Modiano merksemd om det litteratære prosjektet sitt, som i stor grad tek utgangspunkt i tematikkar frå andre verdskrigen. Ikkje minst er det mange franskmenn som er blitt forarga over skildringa av franske kollaboratørars samarbeid med nazistane under krigen – dette var eit tabuemne i Frankrike på 1960-talet.
Jødisk far
Forfattaren jobbar skjønnlitterært med historier som ligg tett inn mot det historiske og biografiske. Hans eigne foreldre – faren var jøde – møttes under den tyske okkupasjonen. Sjølv er forfattaren fødd i 1945.
Svenske Akademien, som er jury for nobelprisen i litteratur, karakteriserer Modianos bøker som minnekunst. Grunngjevinga for prisen var «minnekunsten han framkallar dei mest uhandgripelege menneskelagnader med og avdekker livsverda til okkupasjonen».
LES OGSÅ: – Dette er tradisjon
Modiano har eit omfattande forfattarskap på rundt 40 titlar. Av desse er det berre tre som er omsett til norsk. Cappelen gav ut Gater i mørket i 1979, omsett av Mona Lange. I 1982 kom Ungdomstid på same forlag, omsett av Kjell Olaf Jensen. Den førebels siste norske omsettinga av Modiano blei gjort av Tom Lotherington i 1988, då romanen Søndagene i august kom ut Cappelen PAN-serie. Sissel Lange Nielsen meldte boka i Aftenposten og skreiv blant anna dette: «Når leseren roper 'Åh nei!' under lesningen av en bok, da er den utvilsomt usedvanlig god. » Ho meinte at romanen var både lettlest, elegant og spennande.
Sleppt taket
Modiano ruvar med sine 1,98 på strømpelesten, men skal visst vere nokså sky. At mange her til lands ikkje kjenner bøkene hans, har derimot å gjere med at dei ikkje er tilgjengelege på norsk. Kvifor er det ikkje komme ut fleire bøker av Modiano i Noreg? Her har forlaget openbert sleppt taket i eit forfattarskap, som Fredrik Wandrup poengterte i Dagbladet på Modianos fødselsdag for tre år sidan. Når ingen andre heller tok opp tråden, er ikkje Patrick Modiano blitt eit forfattarnamn som norske lesarar har kunna følgje over tid.
Like etter at nobelprisvinnaren vart offentleggjort i går, kunne ein formeleg sjå korleis det eine eksemplaret etter det andre forsvann frå antikvariata sine nettsider. Det er ikkje så lett å skaffe seg Modiano på norsk på noverande tidspunkt. Bøkene har gått ut av handelen for lenge sidan. Sjølv på Deichmanske bibliotek i Oslo finst det fleire bøker på fransk enn det gjer på norsk.
LES OGSÅ: Nobelprisen til Patrick Modiano
Når Modiano no har fått nobelprisen, kjem ikkje Cappelen Damm til å vere seine med nyopptrykk av dei tre bøkene dei allereie har omsett til norsk. Det er eit klassisk døme på mekanismane i den norske forlagsbransjen, der ein god og for mange litt ukjent forfattar får nytt liv av ei nobelpristildeling. No er Modiano salbar, og forlaget kan ta sjansen på å omsette fleire av bøkene frå eit omfattande forfattarskap. Forlagssjef Anne Fløtaker har allereie stadfesta overfor NTB at dei no kjem til å gi ut fleire av bøkene hans, men at dei sjølvsagt må omsettast først og at det vil ta ein del tid.
Filmmanus
Modiano har også skrive barnebøker og filmmanus. Blant filmane han står bak, finn vi ikkje minst Lacombe, Lucien av den kjente franske regissøren Louis Malle. Denne var nominert til Oscar for beste framandspråklege film i 1975. Han har også skrive manus til Bon Voyage, som var nominert til César (Frankrikes «Amanda») for beste filmmanus i 2004. Modiano sat i juryen på filmfestivalen i Cannes i år 2000, og er elles son av ein skodespelar.
Det skal ha vore mora, belgiske Louisa Colpeyn, som først introduserte Modiano for den mektige Gallimard-redaktøren Raymond Queneau. Kontakten gav startskotet på forfattarskapen som no er premiert med nobelpris.