Yellen: USA blir ikkje med på G20-møte med Russland
USA vil ikkje delta på møte i G20-gruppa der Russland òg er med, seier finansminister Janet Yellen.

Det sa Yellen då ho deltok i eit møte i finanskomiteen i Representanthuset onsdag. Finansministeren opplyste at ho har gjort USAs syn klart overfor resten av finansministrane i G20-landa.
– President Joe Biden har uttalt, og eg er samd med han, at vi ikkje kan halde fram som før med Russland i nokon av dei finansielle institusjonane, sa Yellen. Ho viste til at Biden har teke til orde for at Russland skal stengjast ute frå G20-samarbeidet.
Annonse
Neste toppmøte i G20-gruppa skal etter planen finne stad i Indonesia i november.