Vurderte abort - er i dag trygg i rolla som mor

Utsette kvinner får tett oppfølging når dei blir gravide og ekstra støtte etter at dei blir mødrer.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) får høyre kva røynsler Silje og «Anne» har med programmet Foreldre for første gang. Her saman med Trine Ragde (t.v.) og Grete Olsen-Hagen (t.h.) frå prosjektet.
Publisert Sist oppdatert

– Det var ingen nære rundt meg då eg blei gravid, seier Silje.

I eit møterom på eit hotell sit fire kvinner og ein statsråd. Silje og «Anne» fortel om hjelpa dei får frå det statlege programmet Familie for første gang.

– Trine har vore der for meg sidan eg fekk vite at eg var seks veker på veg. I dag er eg mor til ei flott jente på 18 månader, og heldigvis har eg Trine fram til dotter mi fyller to år, seier Silje og vedgår at det skal bli tøft å ta avskil med ho som har vore hennar beste hjelpar i livsfasen der ho blei mor.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP