Vil velje mellom raudt og blått frå sak til sak
POLITIKK: Kva må til for å få fotfeste som politisk parti? Leiar av det nyleg oppretta Ensomhetspartiet trur partiet vil bestå, men statsvitar meiner mykje skal til for å få fotfeste.
PARTILEIAR: Komikar Else Kåss Furuseth har, saman med faren Kristian Furuseth, danna partiet Ensomhetspartiet.
Ensomhetspartiet
Det nyaste tilskotet i den norske partifamilien er Else Kåss Furuseth sitt Ensomhetsparti. Like før nyåret annonserte komikaren at ho ville danne partiet saman med fleire kjente fjes, mellom anna Solveig Kloppen og Lars Berrum. Målet deira er å legge press på politikarane i saker som gjeld psykisk helse, einsemd og sjølvmord.
For å kunne registrere partinamnet i Brønnøysundregisteret, måtte Kåss Furuseth samle inn meir enn 5.000 underskrifter – noko ho klarte. Partiet er dermed eit landsdekkjande parti og jobbar no med å opprette lokallag og få folk til å stille på vallistene i dei ulike fylkene.
– No handlar det om å fortene tilliten. Ein liten del av det er å overtyde folk om at dette ikkje er ein spøk, sa komikaren nyleg til TV2.
Bestill abonnement her
KJØP