Vil hindre sjølvdrap blant speleavhengige

Kulturminister Trine Skei Grande (V) vil stoppe problemspeling. Ho er er uroa over lett tilgang på spelelån – og sjølvdrapa blant speleavhengige. Forsking skal finne svar.

Trine Skei Grande (V) har vore kulturminister sidan 17. januar i år – her har ho nettopp fått statsrådskontoret i Kulturdepartementet. Grande vil vite meir om samanhengane mellom pengespel og sjølvmord. Ho skal lage ny handlingsplan mot spelproblem innan året er omme.
Publisert Sist oppdatert

34.000 nordmenn er det analyser frå Universitetet i Bergen (UiB) definerer som «problemspelarar», og 88.000 er «moderate risikospelarar». Blant dei som blir speleavhengige, ser fleire ingen annan utveg enn sjølvdrap:

«Flere undersøkelser viser at de som lider av spillavhengighet ofte også har andre samtidige lidelser, og at det er en økt forekomst av selvmord blant spillavhengige», skriv kulturminister Trine Skei Grande i eit brev til Stortinget.

Saka er reist av stortingsrepresentant Kari Henriksen (Ap). Ho ønskjer å få vite meir om samanhengen mellom «spillavhengighet og selvmord» og «hvilke tiltak har regjeringen iverksatt for å motvirke dette».

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP