Vil bygga kjernekraft i Halden – Lovar å ta imot gamalt atomsøppel
ENERGI: Håvard Kristiansen jobbar for ny kjernekraft-boom i Halden. Han lovar å ta i mot gamalt, norsk atomsøppel om selskapet får gjennomslag.
NY GIV: Håvard Kristiansen er dagleg leiar i Halden Kjernekraft. Han ivrar for ny kjernekraft i Østfold-byen.
Foto: Maria Lavik
Håvard Kristiansen står på historisk grunn. Ved festninga Fredriksten i Halden er staden der svenskekongen Karl XII vart skoten og drepen i 1718. Lokalt lærer skulebarn regla «I 1718 datt’n».
No er innflyttaren klar for å skapa ny historie i Halden. Håvard Kristiansen er dagleg leiar for Halden Kjernekraft, eit aksjeselskap med både kommunar, fylke og den bergenske milliardæren Trond Mohn på laget.
– Halden har god tilgang til kraftnett, for sentralnettet mellom Göteborg og Oslo går vi gjennom her. I tillegg er det mykje stabil berggrunn, tilgang på kjølevatn og lokal interesse for eit kjernekraftverk, seier Kristiansen.
Bestill abonnement her
KJØP