Verden

FN-sjefen: Den globale familien fungerer ikkje

G20-TOPPMØTET: FNs generalsekretær António Guterres åtvarar mot auka konflikt i verda idet splittinga mellom land aukar.

– Viss vi verkeleg er éin global familie, så liknar vi i dag på ein ganske dysfunksjonell ein, sa Guterres då han møtte pressa i New Delhi fredag.

FN-sjefen er i India i samband med toppmøtet i G20 i helga. Møtet blir innleidd laurdag.

– Splittinga aukar, spenningane blussar opp, og tillit forvitrar, noko som til saman aukar faren for fragmentering og i siste instans konfrontasjon, sa Guterres.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verden