Verden

Sør-Afrika avviser påstandar om sending av våpen til Russland

KRIGEN I UKRAINA: Sør-Afrikas president Cyril Ramaphosa seier amerikanske påstandar om leveranse av våpen til Russland er grunnlause. Han viser til ei uavhengig gransking.

USA har hevda at eit russisk skip tok om bord ei last med våpen frå ei sørafrikansk hamn seint i fjor.

– Ingen av påstandane som er sett fram om leveransar av våpen til Russland, har vist seg å vere sanne. Ingen eksportløyve for våpen vart gitt, og ingen våpen vart leverte, sa Ramaphosa i ein fjernsynstale søndag der han presenterte resultatet av granskinga.

USAs ambassadør til Sør-Afrika, Reuben Brigety, påpeika overfor ei gruppe journalistar i mai i år at det russiske lasteskipet Lady R hadde teke om bord våpen ved ein marinebase i nærleiken av Cape Town i desember 2022.

Påstanden utløyste ein diplomatisk feide mellom dei to land. Dei amerikanske påstandane førte til spørsmål om Sør-Afrika verkeleg er eit alliansefritt land og om det har innteke ei nøytral haldning til krigen i Ukraina.

Sørafrikanske tenestemenn var raskt ute med ei full avvising av påstandane, og Ramaphosa nedsette ein uavhengig granskingskommisjon leidd av ein pensjonert dommar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Verden