Verden

General har erklært seg som ny leiar i Niger

KUPP: Sjefen for presidentgarden er utnemnd av kuppmakarane i Niger som den nye leiaren i landet, melder statleg TV.

General Abdourahamane Tchiani erklærte seg fredag på riksdekkjande fjernsyn som den nye leiaren i landet.

Leiinga for hæren i landet har slutta seg til kuppmakarane. Tchiani, som leier presidentgarden, har no fått tittelen president for det nasjonale rådet for forsvar av heimlandet.

President Mohamed Bazoum vart onsdag teken i forvaring av kuppmakarane.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Verden