Verden

Duda til Davos: Ukraina treng våpen, våpen og meir våpen

BER OM VÅPENSTØTTE: Polens president Andrzej Duda meiner Ukrainas europeiske allierte må trappe opp sendingane av våpen, inkludert stridsvogner.

Polen lova nyleg å sende rundt 14 Leopard-stridsvogner til Ukraina, minte Duda publikum på under ein panelsamtale på World Economic Forum i Davos tysdag morgon.

– Vi håpar og vi prøver å få på plass større støtte til Ukraina. Så vi håpar at det er nokon allierte som vil gi stridsvogner til Ukraina. Vi håpar at dei som produserer Leopard-stridsvognene også vil ta del i dette, sa Duda.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har bede verdssamfunnet om fleire våpen for å kjempe mot dei russiske invasjonsstyrkane. Storbritannia og Polen har sagt at dei vil sende stridsvogner, men Tyskland har så langt vore nølande.

– Det har vore éin beskjed så langt: Våpen, våpen og meir våpen. Det er den viktigaste brikka i dette spelet, sa Duda vidare.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verden