Verden

30 drepne i bombeangrep i moské i Pakistan

Ein bombeeksplosjon i ein sjiamuslimsk moské i Peshawar i Pakistan, har kravd 30 menneskeliv og såra mange fleire, ifølgje pakistansk politi.

Eit lokalt sjukehus fortel om 56 såra.

Eksplosjonen fann stad under fredagsbønna. Ingen har førebels teke på seg skulda for angrepet, men både IS-grupper og ulike fløyer av Taliban har gjennomført liknande angrep i regionen, som ligg ved grensa til Afghanistan.

Pakistans statsminister Imran Khan har fordømt angrepet. I Pakistan er fleirtalet sunnimuslimar, og sjiamuslimar blir ofte angripne av ekstremistar

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verden