Polen vidarefører omstridd domstolsreform
Domstolsreformene held fram, seier Polens visestatsminister Jaroslaw Kaczynski. Mange meiner prosessen truar sjølvstendet til rettsvesenet.

Europa — Reformene starta då partiet Lov og rettferd (PiS) kom tilbake til makta i 2015. Dei har ført til protestar både ute og heime og til eit svært anstrengt forhold mellom Polen og EU-kommisjonen, som meiner sjølvstendet til domstolane blir undergrave.
– Vi vil berre ha slutt på at domstolane i Polen er avhengige av opposisjonen, påstår Kaczynski, som leier PiS og var statsminister frå 2006 til 2007.
I eit intervju med avisa Rzeczpospolita hevdar han at sjølvstendet til domstolane går utanom staten, noko han meiner ikkje kan halde fram. Han gjentek at oppbygginga av rettsvesenet er ei intern sak og avviser at sjølvstendet til domstolane blir svekt.
Kaczynski seier ytterlegare reformer kan føre til endringar i systemet og til at somme dommarar blir bytte ut.