Vedum kjem med straumhjelp til internatskular
HØGE REKNINGAR: Regjeringa snur. Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum gjev straumhjelp vidaregåande skular med internat. Dei skal få pengar frå støtteordninga til regjeringa.
STRAUMHJELP: Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum varslar at internatskular skal innlemmast i statleg straumstøtteordning. Her frå tysdagens besøk på Felleskjøpets kornmottak på Kløfta.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Stian Lysberg Solum
– Det er krevjande tider for internatskulane. Med dette grepet blir det litt mindre krevjande, seier Trygve Slagsvold Vedum til Vårt Land.
Sist veke fortalde Vårt Land at mange rektorar på internatskular ikkje veit kvar dei skal finne pengar som kan dekkje galopperande straumrekningar.
– Eg stålset meg for å møte hausten og vinteren, for straumprisen gjer det svært krevjande å drive ein vidaregåande skule med internat, fortalde Morten Thomassen, rektor ved Tomb videregående skole i Østfold, som er eigd av Normisjon.
Bestill abonnement her
KJØP