Våpenkviledagen

Denne månaden går engelskmennene med ei raud valmue over hjartet.

Av Ann Kristin van Zijp Nilsen, kommunikasjonsleiar i Areopagos.

I juni 1940 stod den nygifte bestemora mi i baugen på lasteskipet Aurora og heldt utkikk etter miner. Nokre månader tidlegare hadde bestefar kombinert «business and pleasure» og tatt henne med på ei slags bryllaupsreise med fartøyet han eigde. Mens dei låg til kai i Trondheim 9. april, braut krigen ut. Lenge var dei livredde for at engelskmennene skulle bomba hamna. Det blei nesten sommar før dei slapp ut. Det blei lange dagar i baugen på ferda sørover til Sand i Ryfylke.

Besteforeldra mine var småbarn under Første verdskrigen og blei fort vaksne under den andre. Krigen forma dei. 10 000 nordmenn døyde i Andre verdskrigen, dei fleste sivile. Det er ein heil liten småby, i eit land som hadde tre millionar innbyggjarar då. I same krig mista 15 prosent av folket livet i Tyskland, i Polen 20 prosent.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS