Valdelege protestar mot syriske flyktningar
TYRKIA: I Tyrkia blir syriske flyktningar målskive for folkemobb som ramponerer heimar og butikkar. Nå spreier uroa seg til Syria. Tyrkia-ekspert er bekymra.
I FYR: Fleire syriskeigde butikkar I Tyrkia blei sett fyr på under anti-syriske opptøyer. (Ugur Yildirim/Dia Photo via AP)
Ugur Yildirim
Protestane mot syriske flyktningar har spreidd seg til fleire tyrkiske byar, melder den arabiske nyheitskanalen Al Jazeera.
Dei antisyriske opptøya har teke av etter at ein syrisk mann vart skulda for seksuelt overgrep på ei sju år gammal jente i den tyrkiske byen Kayseri. Protestane hadde tysdag spreidd seg til fleire tyrkiske byar, ifølgje nyheitskanalen.
I ein video publisert på Al Jazeera tysdag, kan ein sjå folkemengder med tyrkiske flagg som ropar «me vil ikkje ha flyktningar i landet vårt».