UDI: Flyktningar som klagar er unntaket
FLYKTINGAR: Mottaksapparatet har travle dagar. På ei veke kjem det no like mange flyktningar som det vanlegvis kom på eit år. – Det har ikkje vore problemfritt, vedgår UDI.
TRANGT: Det er lite rom for privatliv for dei som ventar på Nasjonalt mottakssenter i Råde.
Javad Parsa/NTB
– Men vi prøver så godt vi kan, seier direktør for mottak og retur i Utlendingsdirektoratet (UDI), Borghild Fløtre.
I vekene som har gått sidan Russland sette i gong ein fullskala invasjon av Ukraina, har 13.000 flyktningar komme til Noreg. Meldingane om eit overbelasta system og eit uførebudd mottaksapparat har vore mange:
Køane har vore lange og registreringa tek for lang tid, mottaka held for låg standard, informasjonen er for dårleg. I periodar har det vore kaotiske tilstandar på det nasjonale mottakssenteret for flyktningar i Råde.