UD til NRK: Ingen nordmenn over grensa til Egypt fredag
Utanriksdepartement seier til NRK at ingen nordmenn får krysse grensa frå Gazastripa til Egypt fredag. Så langt har ingen nordmenn fått forlate Gaza.
Evakueringar over Rafah-grenseovergangen til Egypt starta i byrjinga av november. Sidan då har fleire hundre utanlandske borgarar fått krysse grensa, men så langt ingen nordmenn.
Heller ikkje fredag er det norske borgarar på listene over dei som får krysse grensa, opplyser Utanriksdepartementet til statskanalen.
Annonse
UD anslår at det er rundt 250 nordmenn eller personar med tilknyting til Noreg som er i Gaza. Rundt halvparten av desse er barn.