Tysk miljøminister provoserer Botswanas president
VERNE DYR: Tyskarane bør få oppleve korleis det er å leve side om side med fleire tonn tunge dyr som øydelegg landsbyar og trakkar folk i hel.
MANGE: Ein flokk elefantar drikk vatn i nasjonalparken Chobe i Botswana. Landet har kring 130.000 elefantar.
Charmaine Noronha
Synspunktet kjem frå Botswanas president Mokgweetsi Masisi, som er svært provosert:
– Det er veldig lett å sitje i Berlin og ha ei meining om det me driv med i Botswana, seier han til den tyske avisa Bild.
Som svar på eit utspel frå den tyske miljøministeren Steffi Lemke, som representerer partiet Dei Grøne, truar Masisi med å sende ei særs talrik – og tung – gåve nordover: