Tvinga til å lage matlov av resteforslag

KrF tvinga Høgre, Frp og Venstre til å ­plukke matkasteloven opp av søpla. Medan regjeringa lagar lov, deler matministeren ut pengar til Matsentralen.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) delte tysdag ut sju millionar kroner til Matsentralen Norge ved styreleiar Cristiano Aubert.
Publisert Sist oppdatert

– Me kastar over 350.000 tonn mat i år, det er vanvittig mykje. Difor er eg glad for å kunne gje sju millionar kroner til Matsentralen, som arbeider med matsvinn, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Då KrF snekra 2019-budsjettet i fjor haust blei dei fire borgarlege partia samde om å løyve sju millionar til matsentralar. Matsentralen Norge er ei ideell foreining som reduserer mengda kasta mat. Gjennom snart åtte sentralar samlar ein inn mat som ville gått i søpla.

Produsentar, grossistar og leverandørar gjev overskotsmat til matsentralane, som så sorterer maten. 400 ideelle organisasjonar hentar mat på sentralane og hjelper menneske i naud. I fjor blei seks millionar måltid omfordelt.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP