Trur finansbransjens strenge aksje-reglar kan passa i politikken
AKSJAR: Påtroppande Drammen-ordførar Kjell Arne Hermansen har over 30 års erfaring som aksjemeklar. Han meiner finansbransjen har reglar som kan vera relevante i politikken.
NY ORDFØRAR: Kjell Arne Hermansen er påtroppande ordførar for Høgre i Drammen. Her frå valvaka førre veke.
Rebekka Johannessen Litland
– Eg er for at folk skal eiga aksjar. Aksjar er viktig for nyskaping og er ein viktig del av tannhjula i samfunnet. Men ein må følga reglar.
Det seier påtroppande ordførar i Drammen, Kjell Arne Hermansen (Høyre), til Vårt Land.
Fredag vart det kjend at Erna Solbergs (H) ektemann Sindre Finnes gjorde 3.640 aksjehandlar medan ho var statsminister i perioden 2013–2021. Fleire av aksjehandlane gjorde Solberg inhabil i saker som regjeringa behandla.