Kjempar om dei gjævaste pokalane. Takkar Gud før kveldens finale
VITNESBYRD: Ein tek Gud med seg til den store finalen. Ein tok seriegull og prisa Jesus.
KRISTEN: Liverpools målmann Alisson Becker viste fram trua si på den svarte t-skjorta då laget feira ligagullet
NEWSUK/NTB
Laurdag kveld er det klart for den aller største finalen på den europeiske fotballbanen.
Italienske Inter møter franske Paris Saint-Germain (PSG) i Champions League-finalen på Allianz Arena i München.
Ein av PSGs fremste måljegerar er ein fotrapp driblefant frå Georgia – Khvicha Kvaratskhelia.