Tre palestinske brør med brusande suksess
BRUS: Verdas største cola-drikkar har fått ein bismak for mange. Tre palestinske brør har miksa ein cola for dei som boikottar Israel. – Me støttar Gaza, seier Mohamad Belal Al-Hindi i Oslo.
NY BRUS: Dagleg leiar Mohamad Belal Al-Hindi utanfor den syriske restauranten Zitona han driv i Oslo. No tilbyr han Palestine Cola til kundane.
Synne Moen
Nei, takk!
Verda over lyder orda. Ti månader etter at Gaza-krigen mellom Hamas og Israel starta, vel fleire å boikotte globale mat- og drikkeprodusentar grunna banda deira til Israel.
To av dei aller største er Coca-Cola og PepsiCo, to amerikanske drikkevaregigantar som knivar om folks drikkevanar på alle kontinent.