Toppe med nytt trusstøtteutval: Desse sju er med

TRU OG LIVSSYN: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) presenterer utvalet som skal gjennomgå finansieringssystemet for trus- og livssynsfeltet. – Arbeidet leverast neste haust, seier statsråden.

Barne- og familieminister, Kjersti Toppe.
EIN HOVUDMODELL: Barne- og familieminister, Kjersti Toppe (Sp), møter Vårt Land på kontoret sitt. – Utvalet kan komme forslag til ulike modellar, men dei vil nok anbefale éin hovudmodell. Så vil det bli opp til regjeringa og stortinget å ta det vidare, seier ho.
Publisert Sist oppdatert

I september kom Kjersti Toppe med nyheita om eit regjeringsnedsatt utval som skal gjennomgå støttesystemet som finst på trus- og livssynsfeltet i dag – eit arbeid statsråden avslørte hadde pågått eit halvår.

– Målet er at dei skal utarbeide minst ein alternativ modell for finansiering av trus- og livssynssamfunnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til Vårt Land.

Modellen skal, ifølgje statsråden, gjere trusfinansieringa meir berekraftig på sikt og rette opp i dei svakheitene ein ser i dagens modell.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS