– Tillit til god prosess i KN

Styret i Kirkens Nødhjelp skal behandle mobbesak i løpet av april, seier styreleiar Inger Johanne Wremer. Partane møtest måndag.

Styreleiar Inger Johanne Wremer har tillit til at interne prosesssar i Kirkens Nødhjelp vil føre fram.
Publisert Sist oppdatert

Styreleiar Wremer opplyser til Vårt Land at ho muntleg er blitt informert av leiinga om klagemåla mot avdelingsleiar Leila Valvik Raustøl om trakassering og at styret så nokså nyleg fekk eit brev frå tllitsvalde.

– Eg er no blitt informert om at fagforeningane, bedriftshelsetenesta og leiinga er inne i ein konstruktiv prosess. Eg har tillit til denne prosessen. Men sidan det også er kome eit brev, vil det bli behandla i styret på vanleg måte. Det skjer i løpet av april, seier Wremer til Vårt Land.

Møte måndag. Det er sett i gang eit arbeid der partane møtest kvar veke. Neste møte mellom fagforeiningane og leiinga er måndag 21. april.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS