Tilbakekalling av statsborgarskap blir aldri forelda. Det meiner SV og Raudt urimeleg
STATSBORGARSKAP: Grovt bedrageri blir forelda etter 10 år. Dei som har fått norsk statsborgarskap på feil grunnlag, kan derimot i prinsippet straffast for det livet ut. – Vi er betre enn dette, seier SV-politikar Grete Wold.
STATSBORGARSKAP: Frå januar 2020 til mars 2021 fatta UDI 144 vedtak om tilbakekalling av statsborgarskap.
Terje Pedersen/NPK
– Systemet vi har for å sende ut folk frå Noreg, øydelegg heile familiar og enkeltlagnader. Vi er faktisk betre enn dette, og no er det på tide å vise det, seier stortingsrepresentant Grete Wold frå SV.
Saman med Tobias Drevland Lund (R), Seher Aydar (R) og Marian Hussein (SV) leverer ho i dag eit framlegg om å endre lova, slik at tilbakekalling av statsborgarskap får ein foreldingsfrist.
«I dag kan mennesker som har bodd, arbeidet og etablert familie i Norge gjennom flere tiår, bli utvist fra landet. Det vil vi gjøre noe med», skreiv dei i framlegget.