Tidlegare parti-topp: – KrF bør beklaga
OPPGJER: I år er det 50 år sidan homofili vart avkriminalisert. Tidlegare pressesjef i KrF, Mona Høvset, meiner partiet bør bruka høvet til å beklaga partiets politikk retta mot skeive.
OPPGJER: - Det er godt å ta eit oppgjer med fortida, også for KrF, seier Mona Høvset
Erlend Berge
– Det betyr noko for dei det gjeld, å høyra ein beklagelse frå KrF.
Det seier tidlegare kommunikasjonssjef i KrF, Mona Høvset, til Vårt Land.
I samband med at det er 50 år sidan avkriminaliseringa av homofili, meiner ho det er et godt tidspunkt for KrF å ta eit oppgjer med tidlegare politikk retta mot skeive.