The Economist: Noreg tener «pinleg mykje» på Ukraina-krigen

Med eit bilete av eit stort pengeskap og med overskrifta «Noregs profitt på krig i Europa er pinleg» tek magasinet The Economist eit kraftig oppgjer med Noreg.

Dersom prisane held seg på nivået dei ligg på i dag, kan staten tene nær 5.000 milliardar kroner på olje og gass fram til utgangen av 2024. Foto: Erik Johansen / NTB/ NPK
KRITISERES: Norge får gjennomgå i The Economist.
Publisert Sist oppdatert

Bakgrunnen for kritikken er at Noreg i det siste har tent veldig mykje pengar på å selje gass, olje og straum til Europa. Prisen på desse varene har auka kraftig etter Russlands invasjon av Ukraina. Det var Aftenposten som først omtalte artikkelen.

Ifølgje The Economist vil Noreg sitje igjen med over 200 milliardar dollar i inntekter i året frå sal av olje, gass og straum som følgje av Ukraina-krigen. Det svarer til nær 2.000 milliardar kroner. I eit normalår har Noreg rundt 50 milliardar dollar i inntekter frå dette.

Magasinet trekkjer også fram at Noreg har løyst straumkrisa med sjenerøse subsidiar, og dei ønskjer at land som Noreg, som har fått ein uventa profitt, skal putte noko av dette i den europeiske felleskassen.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP