Tause om
døden
Ho var den einaste jenta i klassen.
At ho var den einaste overlevande i
familien, var det ingen som snakka om.
Tragedie: Synet av bussen som stod i fjorden og tanken på dei som var omkomne, er eit langt sterkare minne frå sommaren 1966 enn første skuledagen nokre veker seinare, skriv Johannes Morken.
Eg starta på skulen i august 1966. Langt sterkare enn minnet om den første skuledagen er minnet om ein tragedie nokre veker tidlegare: Ei bussulukke som kosta fire menneske livet. Fem overlevde som ved eit mirakel.
Ser du etter på Wikipedia kva som hende her i landet laurdag 23. juli 1966, får du opp buss-ulukka i Gaupne i Luster. Ein buss på veg innover Lusterfjorden vart påkøyrd av ein bil som prøvde å køyre forbi på den då berre 4,5 meter breie riksvegen. Sjåføren mista kontrollen over bussen. Den gjekk utfor ei svært bratt skråning på 37 meter, vart kasta rundt og enda i fjorden.
Det var ei travel bussrute – mange frå min heimkommune var vekependlarar frå industrikommunen Årdal og tok bussen heim etter å ha gått i land frå ei ferje. Denne laurdagen vart det sett opp ekstrabuss – med god plass. Bussjåføren tok med familien for at dei skulle vitje vener. I ulukka omkom sjåføren, kona, sonen på ni og ein slektning av kona. Av dei fem overlevande, var sju år gamle Marit. Ho hadde mista far, mor, bror og ein kjær slektning.
Bestill abonnement her
KJØP