SV-Kirsti fører i dansen med Ap-Jonas
12 PÅ JULEMÅLING: Kirsti Bergstø kan smile lurt, ho tek over 50.000 veljarar frå Jonas Gahr Støre. Saman med Raudt er SV jamstore med Arbeidarpartiet.
SLOTTSKAVALERAR: SV-leiar Kirsti Bergstø og Ap-leiar og statsminister Jonas Gahr Støre kom saman til den årlege middagen for stortingsrepresentantane, på Slottet.
Frederik Ringnes
Dei gjekk arm i arm til slottsmiddagen i oktober, partileiarane i SV og Arbeidarpartiet. I vekene som følgde har SV-leiaren gått monaleg opp i oppslutning, medan Ap-leiaren har tusla vidare i for han eit kjent landskap; låg oppslutning:
- SV får ei oppslutning på heile 12 prosent på Norstats desembermåling for Vårt Land og Dagbladet, noko som er 1,8 prosentpoeng opp samanlikna med målinga før kommunevalet i september.
- Ikkje sidan 2005 har SV hatt liknande oppslutning på ei Vårt Land-måling.
- Arbeidarpartiet står nesten på staden kvil, og endar på 17,9.
Berit Aalborg kommenterer målinga: Dette er SV nye Hanna Kvanmo