SV: – Folk kan ikkje vera prisgjevne almisser for å klara seg
FATTIGDOM: Bergen kommune henviser fattige familiar til frivillig drivne hjelpetilbud. Det får SV i Vestland til å reagera.
OPPRØRT: Sara Bell i Vestland SV synes det er vondt å sjå at folk må ty til hjelpestasjonar for å få kvardagen til å gå rundt.
Javad M.Parsa
Vårt Land har tidlegare omtala ein hjelpeorganisasjon som får fattige familiar henvist frå det offentlege.
Leiar i KIL Fond i Bergen fortalde at dei får familiar formidla frå kommune og barnevern. Den frivillige organisasjonen gjev mat og klede til familiane, og i nokre tilfelle støtte til utgifter.
Saka får Sara Bell i Vestland SV, til å reagera.