Storberget: Må lære av Holocaust - og bry oss

Ung jøde tek opp arven etter tidsvitna frå Auschwitz.

Det var rekordstor oppslutnad om minnemarkeringa på Akershuskaia i går. Berit Reisel står på talarstolen. På første stolrekkje sit mellom andre justisminister Knut Storberget. Nummer to frå venstre er Samuel Steinmann som er einaste overlevande av dei norske jødane som vart deporterte frå Oslo. Ytst til høgre på første rad sit Bernt H. Lund som var politisk fange under andre verdskrigen.
Publisert Sist oppdatert

- Vi må halde minnet om Holocaust levande, sa justisminister Knut Storberget då han onsdag ettermiddag tala under markeringa av den internasjonale Holocaust-dagen på Akershuskaia i Oslo.

Auschwitz. Minnedagen vart halden på årsdagen for då allierte styrkar sette fri utryddingsleiren Auschwitz 27. januar 1945. Dei nazistiske overgrepa i dødsmaskineriet heldt fram andre stader etter denne dagen. Men Auschwitz er blitt så sterkt symbolet på Holocaust at dagen er valt for den internasjonale markeringa.

Minnesmerke. I Oslo vert markeringa halden ved minnesmerket på Akershuskaia der troppeskipet Donau la frå kai 26. november 1942 med over 500 norske jødar ombord, på veg til Auschwitz. Den siste av dei som framleis lever, Samuel Steinmann, var til stades under markeringa i år.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP