Stoppar elevar frå å slutte
Motivasjonsgrupper får elevar med lyst til å slutte på andre tankar.
Barnevernspedagog Dennis Zimmer meiner vidaregåande skular som brukar pengar på å byggje opp kompetanse på miljøarbeid får mykje att.
Berit Roald/NTB scanpix (illustrasjonsbilde)
Dei slit med å få vener blant medelevar. Dei slit med å få sosial kontakt med lærarar. Resultat: Dei sluttar på vidaregåande, fortalde Vårt Land tysdag.
Einsame elevar fell ut av vidaregåande. Kor mange dei er kan vi ikkje seie ut frå vår forsking. Men dei utgjer ei betydeleg gruppe, som skulen må bli meir merksame på, meiner professor Per Frostad ved NTNU som har funne fram til dei einsame elevane i ein fersk studie.
– Skulane må få miljøarbeidarar, lyder eit sentralt krav frå Elevorganisasjonen. I mange fylke har dei vidaregåande skulane miljøarbeidarar. Kva arbeidsoppgåver dei har, kva kompetansekrav som blir stilt til dei, varierer frå skule til skule.
Bestill abonnement her
KJØP