Spynorsken sin revansj

Bokmålsbastionane blir sniknynorskifiserte av altfor gode skribentar.

Are Kalvø har fått følgje av fleire nynorskskribentar i rikspressa.
Publisert Sist oppdatert

Den første morgonen Are Kalvø si humorspalte stod på trykk i Aftenposten, var det nokre abonnentar som sette kaffien i halsen. Ikkje fordi dei har dårleg humor, men fordi det er provoserande med nynorsk i aviser.

Grautmålet. Sjølvsagt er nynorsk eit vakkert språk. Googlar du «bokmål er vakkert», får du ikkje eit einaste treff. Nynorsk derimot, passar til kjærleiksdikt, Tarjei Vesaas-bøker og Jon Fosse-teater. Ikkje til så mykje anna. Her er folk med høg utdanning gjerne einige med dei som skreiv «spynorsk» på ordlista på ungdomsskulen. Nynorsk er som alle veit sidemål, og sidemål senkar karaktersnittet til arvingen: Meir matematikk er betre for min Preben. Han ser jo føre seg ei firmaframtid på Lysaker.

Språkrådet sin siste tilstandsrapport slår fast at dei fleste nynorskbrukarar normalt ikkje kan nytta nynorsk i arbeidet, viss dei jobbar i næringslivet. Nynorskjournalistar får normalt heller ikkje nytta nynorsk i dei riksdekkjande avisene. Når det skjer, har kommentarfelta gjerne tilbakemeldingar som «jeg hater nynorsk, hun skulle heller skrivd på svensk». Journalistane får sinte e-postar og telefonar frå folk som er frustrerte over grautmålet og ber dei skriva «vanleg norsk». Men blir dei meir audmjuke av den grunn? Neidå, dei pressar seg fram.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS