Tanter, brødre, vener og slavar
ANDAKT: Når eg les innleiinga til brevet til Filemon, tenker eg på korleis vi snakkar om kvarandre. For meg blir det stadig meir viktig å seia fine og sanne ting til menneske.
Denne uka skriv Marita Bjørke Ådland andakter i Vårt Lands spalte Ettertanke, med utgangspunkt i dagens bibelord fra Bibelselskapet
Bibelen omtalar mange ulike relasjonar. Paulus hadde mange brev-vener (og sikkert nokre brev-uvener også). I dagens bibelord møter vi fleire namn, blant anna Filemon som brevet er skrive til. Paulus visste korleis han skulle ordlegga seg (tenk berre på talen på Areopagos), og han kunne sin retorikk. Brevet til Filemon er kort, og vi er sikre på at det er skrive av Paulus sjølv.
Det er tre hovudpersonar: Slaven Onesimos, Filemon som er slaveeigar, og Paulus som sit i fengsel. Du kan lesa brevet, det er fort gjort, og du når knapt å ta ein kaffi mens du les. Paulus vil oppnå noko med brevet, og difor blei den innleiinga som i dag utgjer dagens bibelord, i tidlegare tider skulda for å vera ein slags heilag smiger. Det var nok eit retorisk trekk frå Paulus si side, for å oppnå noko.
Uansett: I dag skal vi konsentrera oss om dei gode orda i innleiinga, smiger eller ikkje. For det Paulus gjer, har vi alltid nytte av å bli minna om, nemleg å takka. På denne datoen i fjor hadde vi gravferd for tanta mi. Ho var hjelpsam og kjærleg, og eg er henne ein stor takk skuldig. Eg tenker stadig på henne med glede. Eg takkar for at ho hadde ein plass i livet mitt, og for at eg fekk ha henne som tante. Eg takkar for gledene, for alt det fine vi delte, for den gode arven ho gav meg i trua: Ho var eit førebilete i trua på Gud, i tilliten ho viste i måten ho ba på, og med sin lette og positive veremåte og framferd.
Bestill abonnement her
KJØP