Spelte fotball
i krigspausen
1. juledag 1914 steig britiske og tyske soldatar opp frå skyttargravene og spelte vennskapskampar. Fotball lækjer krigssår, seier Idrettsforbundet.
Britiske soldatar spelar fotball under første verdskrig (1914-1918). Ved juletider i 1914 la britar og tyskarar ned våpena og spelte mot kvarandre. Den historiske hendinga blei før jul markert med eit nytt monument i Belgia.
A/NTB scanpix/arkiv
Verdas underlegaste fotballkampar blei spela for 100 år sidan, på jorder i ingenmannsland, ved Vestfronten. På den eine sida: Britiske soldatar. På den andre: Tyske soldatar.
«Det var ei stor folkemengde mellom skyttargravene. Nokon laga ein liten gummiball, så var fotballkampen i gang», skreiv den britiske løytnanten Charles Brockbank i krigsdagboka, som blir vist fram på utstillinga The Greater Game på National Football Museum i Manchester.
Dagbøker og brev fortel om fotballkampar fleire stader ved Vestfronten den 25. desember 1914: