Sp-ordførar etterlyser meir flyktningpengar frå eiga regjering
BUSETJING: Ordføraren i Vardø har klar melding til Ap-Sp-regjeringa: – Norskopplæring til ukrainske flyktningar i Norge er like viktig som norsk ammunisjon til Ukraina.
UKRAINA: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) besøkte Nammo på Raufoss i januar. Det delvis statseigde våpenkonsernet produserer særleg artillerigranater til Ukraina, og regjeringa betalar.
Heiko Junge/NTB
Tor Erik Labahå er ordførar for regjeringspartiet Senterpartiet. Han skal ta i mot og busetje 35 nye flyktningar i år. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) bad kommunen nord i Finnmark om å ta 85.
– Så mange er det fullstendig urå for oss å busetje. Vardø har ikkje kapasitet til å ta så mange, seier Labahå til Vårt Land.
Vårt Land fortalde i februar at tre kommunar hadde gjort liknande vedtak som Drammen kommune, som vedtok at dei berre vil ta imot ukrainske krigsflyktningar.