Sør-Afrikas jødar i klemma av landets Israels-politikk
HAMAS-ISRAEL-KRIGEN: Sørafrikanske jødar stod i framskotne posisjonar og var med å velte apartheidregimet. No blir landets jødiske samfunn hardt råka av antisemittisme.
STØTTAR: Pro-palestinske sør-afrikanarar skriv namna til menn, kvinner og barn som har mista livet i Gaza etter 7. oktober. Dei demonstrerer utanfor parlamentet i Cape Town.
Nardus Engelbrecht
Dei er Afrikas største jødiske samfunn. Dei tel om lag 50.000. No kjenner Sør-Afrikas jødar seg utsette. Det skuldast rettsprosessen det styrande ANC-partiet har starta, for å hjelpe gamle vener, palestinarane.
Då rabbinar Moshe Silberhaft nyleg vitja ein jødiske gravlund fekk han høglydte tilrop frå ein bil som kjørte forbi, fortel han til dw.com:
– «Reis tilbake til Israel» ropte dei.
Bestill abonnement her
KJØP