Skeptiske til «levande gravferder»: – Kva er ei gravferd?
ALTERNATIV GRAVFERD: Jan Willy Løken er kritisk til at slike gravferdsbyrå som han leier skal arrangere «levande gravferder». Bransjeleiar meiner ein då rører seg i eit grenseland.
SKEPTISKE: Åse Skrøvset og Jan Willy Løken er spørrende til om gravferdsbyrå skal involvere seg i såkalla «Levande gravferder».
Privat/Jølstad begravelsesbyr
Nyleg skreiv Vårt Land om levande gravferder og korleis ein gravferdskonsulent hjelpte til med å arrangere ein gravferdsseremoni der personen sjølv var til stades. Å ha gravferdsseremoniar før døden, eller såkalla «living funerals», er blitt omtala i utanlandske medium som The Guardian og Svenska Dagbladet.
Jan Willy Løken er i utgangspunktet skeptisk til å gjennomføre gravferdsseremoniar før nokon er død, men meiner at føremålet er avgjerande.
– Dersom det er ein slags fest for å feire livet, er dette noko me alltid har hatt, berre at ein no kallar det for «levande gravferd». Men om folk vil erstatte den vanlege gravferda me har med ei levande gravferd, er eg skeptisk, seier han til Vårt Land.