Sjekkar inn på asylhotell

Sverige er sprengfullt. Difor bur asylsøkjarar på same hotell som vegfarande gjester i Värmland.

Frank og Tordis Nicolaisen frå Nøtterøy har stoppa på Värmlandsporten hotell for å ete middag. Dei er på biltur gjennom Sverige. – Bur det asylsøkjarar på hotellet også? Det visste vi ikkje, seier Frank Nicolaisen, og lurar på om han skal velje laks.
Publisert Sist oppdatert

TORSBY, SVERIGE: – Snart reiser vi. Det skal bli godt.

Talal Sharif dumpar ned ved eit bord i restauranten på Värmlandsporten hotell i Stöllet. Ikkje for å ete, men for å snakke om det han har flykta til; ei fredeleg framtid i Sverige. Tannlegen frå Aleppo i krigsherja Syria har budd på dobbeltrom i snart eit år. Han er lei av hotellivet, lei av å bli servert tre måltider om dagen, lei av å gjere ingenting. Han som har skifta status frå asylsøkjar til flyktning vil sjekke ut.

– Värmlandsporten er kanskje det beste asylmottaket i Sverige. Men no har eg endeleg klart å få leigt ein bustad til kona og meg. Vi har fått opphald og flyttar 1. august til Lidköping, og vekk frå denne «grøne ørkenen».

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP