Set privatskulerekord

Rekordmange går på private grunnskular. 12 nye er godkjent. Direktoratet jobbar overtid med søknaden frå dei som vil opne den første muslimske grunnskulen. Oslo-byrådet seier nei.

Tryggheim Strand er ein av dei mange nye privatskulane i Norge. Han er ein tiårig grunnskule eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband, og held til på Tau i Strand kommune, og har i dag om 65 elevar.
Publisert Sist oppdatert

– Éin skule er ikkje noko problem. Muslimske foreldre har den same foreldreretten som andre som får etablere friskular på religiøst grunnlag, seier utdanningspolitisk talsmann i KrF, Hans Fredrik Grøvan, til Vårt Land. Han meiner difor at Oslo bør få Norges første muslimske grunnskule.

Privatskular er omstridde. Bondevik II opna opp for eit kraftig frislepp i åra fram til 2005. Så kom Stoltenbergs raudgrøne regjering og stramma til i åtte år. Då dei blåblå overtok i 2013, blei reglane på nytt mjuka opp av Stortinget – og privatskulelova skifta namn til friskulelova.

LES MEIR Ap med tøffere tone mot privatskoler

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP