Reservesoldatar til kamp mot rettsreform
ISRAEL: Reservesoldatar i Israel mobiliserer. Dei kritiserer regjeringa for å gå i retning av eit diktatur: – Ein folkehær eksisterer berre i eit demokrati, seier reserveoffiser Ron Scherf.
RESERVEHÆR: Ein israelsk reservist sjekkar våpenet der han står på grensa til Gaza saman med to medsoldatar. I Israel går menn og kvinner over i reserven etter verneplikta.
Ariel Schalit
TEL AVIV: Våpenbrørne kallar dei seg, offiserane og soldatane som no organiserer seg i ad hoc-organisasjonen Brothers in Arms.
Dei har to ting til felles.
Dei er reservistar i Israels 465.000 store nasjonale, militære reservestyrke. Og dei trugar med å nekte vidare teneste i reserven om ikkje regjeringa til statsminister Benjamin Netanyahu droppar ei omstridd rettsreform.