Republikanske Janne har hatt ei god valnatt
USA-VALET: Donald Trump har erklært seier i presidentvalet. Norsk-amerikanar og delstatssenator Janne Myrdal meiner det går i riktig retning, medan norsk bibelskulelærar seier Gud regjerer uavhengig av kven som blir ny president.
MONTANA: Gabriel Aslaksen bur og arbeider i ein stat der Donald Trump ligg an til å få eit solid fleirtal. Han skildrar ei haldning der Gud kjem før politikk.
Tommy Martino / AP Photo / NTB
Då Vårt Land ringte tidlegare i dag, var norsk-amerikanske Janne Myrdal optimist og i godt humør etter dei første valmålingane.
– Det ser veldig bra ut akkurat no, eg trur Trump blir president og at me får heile Kongressen også. Det blir nok ein mykje sterkare siger enn folk trudde.
Myrdal flytta frå Skien til USA for over 30 år sidan, og busette seg på den vesle plassen Edinburg i Nord-Dakota. No er ho amerikansk statsborgar, bonde og republikansk delstatssenator i Nord-Dakota. Dette er ein stat som er veldig konsekvent konservativ.