Reiser jødiske signalbygg i sentrum
I opptakten til det industrielle folkemordet på seks millionar jødar, blei 1.400 tyske synagogar vandaliserte. No fyller jødiske innvandrarar nye gudshus.
Dei seinare åra har jødiske forsamlingar over heile Tyskland bygd nye
synagogar, som er
lokaliserte i sentrum av byane. Dei nye synagogane har fått arkitektoniske
uttrykk som avvik
kraftig frå dei mange gamle som blei øydelagde av nazistane. Tyske arkitektar seier at dagens jødiske forsamlingar vel
å reise bygg som skal prege bybiletet: Sjå, ein synagoge. Her Ohel Jakob - Jakobs telt - i München.
Bjørgulv K. Bjåen
På St. Jakobs Platz, i sentrum av München, berre få hundre meter frå eit anna landemerke, Frauenkirche, ligg bygget som viser at jødedommen har ein sentral plass i Tysklands tredje største by.
Igjen.
Ohel Jakob - Jakobs telt - er namnet på Münchens oppattbygde synagoge. Ein mur i grov stein som symboliserar tempelet; Salomos tempel, det første som blei reist i Jerusalem. Oppå muren eit glasbygg; symbolet på teltet Moses brukte på den 40 år lange ferda gjennom ørkenen.