Raudt vil gjenopprette Sjøheimevernet
Raudt vil foreslå at Sjøheimevernet blir reetablert når statsbudsjettet for 2023 skal behandlast, skriv Dagsavisen.
OMKAMP: Partileiar i Raudt Bjørnar Moxnes vil ha omkamp om Sjøheimevernet.
Torstein Bøe/NPK
Nedlegginga av Sjøheimevernet i 2017 var svært omstridd både politisk og blant folk i Forsvaret. Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet sikra fleirtal for avgjerda då langtidsplanen for Forsvaret vart behandla dette året. Senterpartiet var sterkt imot og kalla nedlegginga «forkasteleg».
Raudt meinte også at avgjerda var heilt feil, og no vil partiet ha omkamp. Partileiar Bjørnar Moxnes har nyleg besøkt fleire av dei største forsvarsbasane i landet, og han sit igjen med eit klart inntrykk av at folk i Forsvaret ønskjer å få Sjøheimevernet tilbake.
– Noregs langstrekte kyst ligg nærast open. Det er eit stort behov for fleire øyre og auge langs heile kysten, og mannskap til å sikre viktige objekt som gassanlegg. Viss vi reetablerer Sjøheimevernet, får vi inn tusenvis av folk med lokalkunnskap om kysten – ein heilt uvurderleg ressurs for forsvaret av landet, seier Moxnes til avisa.