Raudt og SV om historia til tre søstre: «Ubegripeleg» og «urimeleg»
OPPHALD: Staten vil senda ut tre søstre frå Noreg, etter dei vart kasta ut heimanfrå. No må justisministeren svara i Stortinget.
REAGERER: SVs Grete Wold ber justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl om svar. Tobias Drevland Lund seier Raudt vil stilla forslag for Stortinget.
Foto: NTB Scanpix
– Saka om dei tre søstrene som no risikerer utkasting frå Noreg fordi dei ikkje lenger «utøver eit familieliv» med faren er heilt ubegripeleg. Den viser tydeleg at det er eit altfor dårleg rettsvern for barn som kjem på familiegjenforeining til Norge.
Det skriv Tobias Drevland Lund i Raudt i ein e-post til Vårt Land.
I helga fortalde Vårt Land om dei tre søstrene Faustina, Gloria og Brenda som kom til Noreg på familiegjenforeining i 2016.