PST meiner det går føre seg russisk etterretning i Rogaland: – Prøver å rekruttere nordmenn

Politiets tryggingsteneste (PST) meiner det går føre fiendtleg og ulovleg etterretningsverksemd både i Stavanger og Haugesund.

Publisert Sist oppdatert

– Russisk etterretning byggjer seg opp igjen her lokalt, og dei har eit klart mål om dette, seier PST-sjef i Stavanger Stig Ledaal til Stavanger Aftenblad.

Særleg utsett er olje- og gassindustrien.

Ledaal seier vidare at Russland prøver å rekruttere russiske borgarar som bur i Noreg, men at dei også vil ha nordmenn.

– Russarane prøver å rekruttere nordmenn til deira teneste, men vi kan ikkje seie kor mange det er snakk om. Vi oppmodar til auka vaktsemd.

Han fortel at PST har jobba med tre saker knytt til Russland den siste tida.

I den eine vart PST tipsa av to selskap i Rogaland om at ein mann ønskte å kjøpe høgteknologisk utstyr av dei. PST meiner mannen har sterke koplingar til Russlands etterretningsteneste.

Ei anna sak omhandlar eit skip som handla offshoreutstyr i Stavanger, for så å reise direkte til St. Petersburg, i det PST meiner var eit vellykka forsøk på å bryte sanksjonsregelverket

NRK skriv at skipet har russisk mannskap og har reist til og frå fleire russiske hamner, men at det er registrert under eit anna flagg.

PST fastslår likevel at det er lite sannsynleg at Russland vil prøve sabotasjeaksjonar på norsk sokkel eller norske kraftinstallasjonar.