Prosten går ut av kommunestyret, soknepresten tek ei økt til

PRESTAR PÅ VAL: I Hammerfest kommune har to prestar vore folkevalde. Berre ein tek ein periode til.

Loke Rønning
ATTVAL: Sogneprest i Kvalsund kyrkjelyd, Vegard Loke Rønning, ønskjer ein ny periode i Hammerfest kommunestyret for KrF.
Publisert Sist oppdatert

Kommunevalet sender fleire prestar inn i by- og kommunestyre.

I Hammerfest kommune i Finnmark toppar sokneprest Vegard Loke Rønning KrF-lista og kan bu seg på ein ny periode i kommunestyret.

Og det er ikkje alltid heilt uproblematisk å kombinere dei to rollene, fortel sokneprest Rønning.