Vedum skuldar KrF og V for å ha forlete sentrum

SOMMARINTERVJU: Senterpartiet, KrF og Venstre vaks ut av den same motkulturrørsla. Når det no går så bra for Trygve Slagsvold Vedum sitt parti, og så dårleg for dei to andre, er det fordi dei har svikta sentrumsverdiane, meiner han.

Partileder i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum. Sommerintervju hjemme på gården i Ilseng før valget 2021.
TÅRNSEGLARAR: Under takskjegget på løa til Vedum heng fuglekassene på rekke rad. Der hekkar tårnseglarane kvar sommar, før dei flyr til andre sia av ekvator på hausten.
Publisert Sist oppdatert

– Johanna, prøv å bli ferdig rundt dei fuglekassene så fort som mogleg!

Vi sit i lummert vêr på tunet til Trygve Slagsvold Vedum og pratar om dei gode meiningsmålingane partiet hans har hatt i sommar. Med eit halvt auge følgjer han med på døtrene som står i stigar opp etter løeveggen og malar. Under takskjegget heng det ei lang rad med fuglekasser.

– Det der er tårnseglarar. Det er nokre av dei mest fantastiske fuglane som finst. Når dei flyg herfrå, så flyg dei heilt ned til Tanzania utan å lande ein einaste gong. Dei ligg på luftstraumane heile vegen.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP