Politikk

Anne Enger: – Naturleg at eit stort parti ønsker ein partileiar som statsministerkandidat

LANDSMØTE: Presset aukar for at Trygve Slagsvold Vedum skal bli utpeika som statsministerkandidat. – Etter eg vart lansert som kandidat, gjorde me det beste valet nokon sinne, seir Sp-dronning Anne Enger.

Presset aukar for at Trygve Slagsvold Vedum skal bli utpeika som statsministerkandidat. Under Sps landsmøte på Lillehammer har fleire kandidatar lansert støtte til Vedum som statsminister.

– Det er naturleg at eit stort parti ønsker ein partileiar som statsminister, seier Sp-dronning Anne Enger.

Ho følger med på landsmøtet frå skjermen heimanfrå. Ho understreker at ho ikkje vil gje noko råd til Vedum, og at det er partileiinga som skal bestemma kva som skal skje.

Men ho har ein lærdom frå historia:

– Etter eg vart lansert som kandidat, gjorde me det beste valet nokon sinne. Enn så lenge.

«Eit stort parti bør ha ambisjon som å besette alle postar»

Sp-dronning Anne Enger tok partiet til nye høgder under stortingsvalet i 1993. Dette var i forkant av EU-avstemminga i 1994.

Sp enda på 16,7 prosent, som er partiets beste resultat nokon sinne.

– Eg blei lansert fordi me ønska å bryta opp mellom Ap og Høgre. Me såg det gjekk mot ein statsministarduell mellom Kaci Kullmann Five og Gro Harlem Brundtland. Det ville bli ein duell mellom to parti som meinte mykje av det same, seier Enger og viser til Høgre og Arbeidarpartiet.

– Eg synest eit stort parti bør ha ambisjon som å besette alle postar.

«Du er ein ekte statsminister verdig»

Nationen skriv at avisa erfarar at partileiinga vurderer det slik at Vedum bør klargjere sitt statsministerkandidatur på landsmøtet, framfor å vente på valgresultatet.

Jon Askeland, fylkesordførar for Sp i Vestland, seier til Vårt Land at «Trygve er vår statsministerkandidat, men forhandlingane om posisjonar skjer etter valet. På same måten som ved kommune- og fylkestingval, så er listetoppen partiet sin statsministerkandidat dersom stemmetal og forhandlingar tilseier det. Me set politikken først.»

Under den digitale programdebatten på landsmøtet fredag ettermiddag, tok fleire representantar til orde for Vedum som statsministerkandidat:

Stortingsrepresentant Sandra Borch fra Troms sa:

– Talen din, Trygve, viser at du er ein ekte statsminister verdig.

Litt seinare avslutta stortingskollega Marit Knutsdatter Strand innlegget slik: «Trygve Slagsvold Vedum er vår statsministerkandidat».

NRK har meld at Senterungdommen vil ha Vedum som statsminister.

Til Vårt Land seier Senterungdommen-leiar Torleik Svelle:

– Vi meiner at Trygve vil vera den beste statsministeren for å leia ei regjering som bygger heile Noreg, skapar nye arbeidsplassar og reduserar forskjellane! Han er jordnær, lytter og held ord, det er sårt tiltrengte kvaliteter som trengst i statsministerens kontor.

Også fleire fylkeslag har bedt partiet om å erklære Trygve Slagsvold Vedum som statsministerkandidat.

Senterpartiets fylkeslag i Rogaland, Finnmark og Vestfold vil at partiet skal gå til val på at Trygve Slagsvold Vedum er partiets statsministerkandidat.


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Per Anders Hoel

Per Anders Hoel

Per Anders Hoel har vært politisk journalist i Vårt Land siden 1990. Har også vært redaksjonssjef og administrativ redaktør i avisen. Har du tips om saker, send mail til per.anders.hoel@vl.no.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk