Eks-bymisjonsgeneral og eks-fylkesmann Helen Bjørnøy inn i kommunestyre
SVs tidlegare miljøvernminister kom inn for SV i Lillestrøm og blir partiets nye profil i storkommunen.
Helen Bjørnøy er valt inn i kommunestyret i den nye storkommunen Lillestrøm for SV.
Vidar Ruud
Teologen Helen Bjørnøy var fylkesmann i Buskerud fram til i år. Då blei fylket innlemma i den nye, store regionen Viken.
Bjørnøy har vore aktiv SV-politikar lenge, og var listetopp for partiet i den nye storkommunen på Romerike ved valet. Ho var nestleiar i Nei til EU i 1994, og leiar i Buskerud SV frå 1993 til 1997.
SV-toppen i Lillestrøm er gift med Torstein Lalim, prost i Nedre Romerike prosti. I 2004 var Bjørnøy kandidat til stillinga som biskop i Oslo bispedømme.
Bestill abonnement her
KJØP